Kyrkjetenar 12% fast stilling og Trusopplærar 10 % stilling (med sjanse for utviding).
Åseral sokneråd har ledig stilling som: Kyrkjetenar 12% fast stilling og Trusopplærar 10 % stilling, med sjanse for utviding.
Søknadsfrist : 31.oktober 2024
Kontaktperson :
Kyrkjeverje Sjur Høgetveit 917 63 103/ sjur.hogetveit@aseral.kyrkjelyd.no
Søknad sendast :
Sjur.hogetveit@aseral.kyrkjelyd.no. Søkjar må framvise dokumentasjon for utdanning og praksis i eit intervju.
Utlysingstekst:
Åseral sokneråd har ledig stilling som kyrkjetenar og trusopplærar
Åseral sokn dekkjer heile Åseral kommune. Kommunen har ca. 930 innbyggjarar.
Kommunen er ein turistkommune og ein kraftkommune. Kommunen er særs godt tilrettelagt med tanke på friluftsliv, med blant anna 3 alpinsentrar og milevis med langrennsløyper i flott hei-terreng.
Kyrkjekontoret ligg i Kyrkjebygd sentrum tett med Rådhuset og ein vil her kunne samarbeide med sokneprest, kyrkjeverje og kyrkjelydssekretær. Kyrkjekontoret kan og bruka kommunen si kantine for matpause.
Åseral sokn har 1 hovudkyrkje plassert like ved kyrkjekontoret, og to kapell (Åknes kapell og Ljosland kapell). Kyrkjelyden har også god tilgang til bedehus med moderne fasilitetar som ligg tett med kyrkjekontor og kyrkje.
Kyrkjelyden har jamleg gudstenester i kyrkja og i kapella og nokre større arrangement som til dømes den årlege «veteranbilgudstenesta» i juli månad.
Kyrkjelyden satsar også på tiltak for born og unge. Her kan dei verte kjend med kyrkjerommet. Samstundes har med bedehuset tilgjengeleg, og dette bygget dekker dei fleste behov me har innan dette arbeidet.
- - - - - - - - -
Kyrkjetenar 12% fast stilling
Hovudoppgåver:
• Hovudansvar for praktisk tilrettelegging i forbindelse med gudstenester, gravferder og andre arrangement.
• Tilsyn med materiell og utstyr som nyttast i samband med aktivitetane.
Ønska kvalifikasjonar:
• Kunne mykje forskjellig er ein fordel.
• Ansvarsbevisst
• Gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar:
• God orden og praktisk sans
• Brubyggjar i høve til andre organisasjonar
• Sjølvstendig, ansvarsmedviten og initiativrik
Me tilbyr:
• Triveleg arbeidsmiljø
• Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og tariffavtale
• Pensjonsordning i klp
• Tillegg for kvelds- og helgearbeid
Anna :
Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagt. Den som tilsetjast må disponera eigen bil, vera medlem av Den norske kyrkje og vil bli beden om å leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr trosamfunnsloven §20.
- - - - - - -
Trusopplærar 10 % stilling, med sjanse for utviding
Hovudoppgåver:
Trusopplæring:
• Hovudansvar for trusopplæringa/ administrere og koordinere nye og eksisterande tiltak i kyrkjelyden
• Vidareutvikle plan for trusopplæring i samarbeid med frivillige og kyrkjeleg tilsette
• Nettverksbygging i forhold til anna arbeid, lokalt og regionalt
• Rekruttere og inspirere frivillige medarbeidarar til trusopplæringstiltak
• Organisere og leie fleire av tiltaka
• Leiarutvikling for ungdomar
Ønskja kvalifikasjonar :
• Relevant utdanning; for eksempel teologi, kristendom eller pedagogikk
• Erfaring frå arbeid med barn og unge vektleggast
• Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning
• God evne til å formidle den kristne tru
• Gode evner til nettverksbygging, relasjonsarbeid, samarbeid og kommunikasjon
• Gode norskkunnskapar og god på skriftleg og munnleg framføring
• God på organisering og teamarbeid
Personlege eigenskapar :
• Kontaktskapande, særleg i høve til barn og ungdom
• Brubyggjar i høve til andre organisasjonar
• Sjølvstendig, ansvarsmedviten og initiativrik
Me tilbyr :
• Triveleg arbeidsmiljø
• Stor fleksibilitet
• Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og tariffavtale
• Pensjonsordning i klp
• Tillegg for kvelds- og helgearbeid
Anna :
Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagt. Den som tilsetjast må disponera eigen bil, vera medlem av Den norske kyrkje og vil bli beden om å leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr trosamfunnsloven §20.
Tiltreding : Snarast
For begge stillingar:
Kontaktperson :
Kyrkjeverje Sjur Høgetveit 917 63 103/ sjur.hogetveit@aseral.kyrkjelyd.no
Søknad sendast :
Sjur.hogetveit@aseral.kyrkjelyd.no. Søkjar må framvise dokumentasjon for utdanning og praksis i eit intervju.
Søknadsfrist : 31.oktober 2024