Informasjonsmøte om konfirmasjon avlyst


Det tillyste informasjonsmøtet om konfirmasjon som skulle ha vore torsdag den 26 .mars er avlyst på grunn av restriksjonane i møteverksamheit. Det er også usikkert når vi kan ha eit nytt møte. De er velkomne til å ta kontakt med sokneprest Kjell Steinbru på telefon 473 28 472 om de har spørsmål til konfirmasjonsopplegget.

Men det de likevel kan gjere no er å melde konfirmanten inn til konfirmasjon på heimesida til kyrkjelyden. Der skriv de blant anna inn kontaktinformasjon. Da kan eg etter kvart sende ut informasjon om programmet, og anna informasjon om opplegget. Det er jo vanskeleg å sei kor lenge denne spesielle situasjonen vil vare. Men dreg den ut også til hausten ser eg for meg at vi må organisere ei form for digital undervisning, slik eg allereie har gjort nå i Bygland, der eg også har konfirmantar.

På heimesida til Åseral kyrkjelyd finner de påmeldingsskjemaet.

Klikk her for å få opp skjemaet: Påmelding til konfirmasjon.

 

 

Tilbake