Konfirmasjon 2019 - 2020


 

Det blir ein del endringar i samband med konfirmasjonsopplegget, no som Åseral er knyta opp til Otredalen prosti (Setesdalen), og det i tillegg har kome ny sokneprest. Vi kjem til å innleie eit samarbeid med Evje og Hornnes kyrkjelyd. 

Det vert minst to arrangement saman med Evje og Hornnes. Det er først ein Kick-off med rafting i Syrtveitfossen (arrangert av Troll Aktiv) med vidare padling i kano nedover til Evjetun. Deretter blir det ei matøkt ved Evje prestegard, og til slutt ei samling i Evje kyrkje.

Det blir også ein leir i samarbeid med Evje og Hornnes og der kjem også konfirmantane frå Bygland til å vere med. Leiren kjem den siste helga i oktober og er på Knaben leirstad.

Ein sundag i advent vert det ljosmesse med konfirmantane.

Etter påske kjem samtalegudstenesta. Den skal vi i år gjere ein vri på. No er det ikkje lengre presten som skal plage konfirmantane med allverdens spørsmål frå Katekisma, slik det var i gamal tid. No skal konfirmantane få lov til å «grille» presten med å stille han til veggs med vanskelege spørsmål. Så blir det presten som blir overhøyrt, og ikkje konfirmantane.

Konfirmasjonsdagen er enno ikje fastsett, men kjem i midten av mai ein gong. 

Påmelding til konfirmasjon skjer via ein «påmeldingsmodul» som ligg her på denne heimesida, eller ved å kontakte soknepresten, Kjell Steinbru, på tlf 473 28 472. 

Tilbake