Til Guds Ære og Folkets Gavn


"Til Guds Ære og Folkets Gavn". Det er tittelen på jubileumsboka til Åseral kyrkje sitt 200-årsjubileum. 

 

Dette er den første heilheitlege boka som er skriven om Åseral si hovudkyrkje som ligg i Åseral kyrkjebygd. Boka har vorte ei praktbok. Den er lettlest og har med mange bilete frå gamal tid. Boka har òg mange praktfulle bilete frå kyrkja no, og dei er tekne av Åseral sin fremste fotograf, Tor Reidar Austrud. Boka startar med ei fremstilling av kyrkja si historie heilt attende i middelalderen og tek lesarane med vidare opp gjennom tidene, heilt fram til i dag. Det har vorte gjort undersøkingar av kyrkja i samband med jubileet som har fått fram nye opplysningar om ho. Til dømes er vimpelen, eller fløyen, heilt på toppen teken med frå den forrige kyrkja. Det står nemleg 1705 på den, mens den noverande kyrkja er frå 1822. Men det finns også endå eldre gjenstander inne i kyrkja. Det står også skrive om dei sju kyrkjekyra som presten heldt seg med på 1600-talet. Kyrkja har også vorte selt til fleire privatpersonar i gamal tid. Så her er mykje interessant å lesa. Forfattar er Frans-Arne Hedlund Stylegar. Boka er på 150 sider. Den kan kjøpast på kyrkjekontoret i Åseral onsdager mellom kl. 10 og 14, eller på Evje Norli Bokhandel. 

Tilbake