Årsrapport 2021


 

 

DEN NORSKE KYRKJA

Ei evangelisk- luthersk folkekyrkje


 


 

 

Årsmelding for Åseral sokn

 

 

Soknerådet i Åseral i 2021 :


 

Leiar: Åse Austrud

Nestleiar: Lise Marit Tickner

Medlem: Siren Håvorstad

Medlem: Andreas Forgard

Medlem: Birger Oskar Øyulvstad

Medlem: Olav Åsland

Varamedlemar: Elin Torhild Forgard

Elling T Eikerapen


 

Geistleg representant: Sokneprest Kjell Steinbru

Vararepresentant: Prost Gunnar Ellingsen


 


 

Råd og utval

Råd utval

Medlemmar

Trusopplæringsutval

Sokneprest Kjell Steinbru, Andreas Forgard, Åse Austrud og Arna Berg

Konfirmantutval

Sokneprest Kjell Steinbru, Astrid Skeibrok, Siren Håvorstad og Andreas Forgard.

Gudstenesteutval

Sokneprest Kjell Steinbru, Åse Austrud og Arna Berg.

Diakoniutval

Prostidiakonen, Sokneprest Kjell Steinbru, Lise Marit Tickner og Arna Berg

Redaksjonskomite og styre for kyrkjebladet

Olav Åsland og Arna Berg

 

Kirkens Nødhjelp-kontakt

Arna Berg

 

 

Personale:

Sokneprest: Kjell Steinbru.

Kyrkjeverje: Sjur Høgetveit

Kyrkjetenarar Åseral kyrkje: Åse Austrud vikar på timebasis. Markus Oma frå og med 15.09.21

Trusopplærar/babysong: Gunvor Ljosland frå og med 15.09.21

Organistar : Oddbjørn Stakkeland, Knut Olav Uppstad, Ann Margret Haaland.

Diakon: Helga Johnsen perm. Anna Heggland har vore vikar i enkelttenester.

Reinhaldar i Åseral kyrkje: Åse Austrud

Reinhaldar Åknes kapell: Lise Marit Tickner på timebasis.

Kyrkjelydssekretær: Åse Torhild Guldsmedmoen. Tilsett i Evje og Hornnes men utleigd til Åseral.

 

Klokkartenesta har blitt utført av frivillige, samt delar av kyrkjetenararbeidet.

Klokkarar: Turid Røynlid, Tove Forgard, Inger Røysland Åsland, Arna Berg.

Kyrkjefadrar: Gerd Austegard Linjord, Inger Røysland Åsland, Grete Torhild Forgard, Anne Siv Lauen, Siren Håvorstad, Turid Røynlid.

Oppgåver jfr. Trosamfunnsloven:

Utval/komite tiltak

Oppgåver

Personar

2020

Leiing:

 

 

 

Sokneråd

Økonomi, strategi, leiing

Valde

6 møter,

42 saker

Arbeidsutval

Støtte for sokneråd

Indirekte vald

 

Gudstenestelivet/kyrkjelege handlingar

 

 

 

Gudstenesteutval

Planlegging av gudstenester, engasjera frivillige til klokkarteneste, kyrkjevert, kyrkjekaffi mm.

Frivillige, soknepresten

 

 

Gudstenester

 

Sokneprest, tilsette, frivillige

Gudstenester

Kyrkjelege handlingar

Gravferd, vigsel, dåp

Sokneprest, tilsette

 

Andaktar Åseralsheimen

 

Sokneprest, prostidiakon

 

Sorgsamtalar

 

Sokneprest

 

Kyrkjeleg undervisning

 

 

 

Trusopplæringsutval

Trusopplæringsplan

Sokneprest, frivillige

 

Trusopplæringstiltak og komitear

 

Sokneprest, frivillige

 

Konfirmantutval

 

Sokneprest, frivillige

 

Konfirmantundervisning

 

Sokneprest , frivillige

 

Samarbeid skule

Gudsteneste før jol

Sokneprest, tilsette, frivillige

 

Samarbeid barnehage

Barn frå barnehagen planta i Barnas blomebed ved Åseral kyrkje

Kyrkjetenar, frivillige

 

Diakoni

 

 

 

Diakoniutval

Diakoniplan

Diakonen, soknepresten, frivilige

4 møter

Diakonisamarbeid

Felles Otredal prosti

Prostidiakon 15 %

Eiga årsmelding

Kyrkjemusikk

 

 

 

Konsertar og arrangement

 

Tilsette, frivillige

 

Misjon

 

 

 

Misjonsprosjekt

Misjonsalliansen sitt arbeid i Liberia

 

 

Økonomi/gjevarteneste

 

 

 

 

 

 

 

Kommunikasjon

 

 

 

Kyrkjelydsblad

Kyrkjeblad felles med Evje og Hornnes

Felles redaksjon og styre.

Eiga årsmelding

Heimeside

Informasjon, påmelding

Soknepresten

 

Anna marknadsføring

Facebook, Åsdølen, annonsering, oppslag

Tilsette, frivillige

 

 

 

Anna

 

 

 

KN kontakt

Fasteaksjonen

Frivillig

 

Kriseteam

Kommunalt

Sokneprest, diakon

 


 

Nøkkeltal:

Åseral sokn

2020

2021

Dåp

8

6

Konfirmantar

0

8

Vigsler

2

6

Deltakarar vigsler

 

366

Gravferder

 

6

Deltakarar gravferder

 

330

Gudstenester sundag/heilag

17

14

Deltakara sundag…

757

662

Gj. snitt sundag..

45

47

Andre gudstenester

4

1

Deltakarar andre gudstenester

79

12

Nattverdsgudstenester

2

0

Deltakarar nattverd

31

0

Gj snitt nattverd

16

0

Familiegudstenester

2

2

Deltakarar familiegudstenester

91

72

Gj.snitt familiegudstenester

30

36

Ungdomsgudstenester

1

0

Deltaking ungdomsgudstenester

41

0

Skule/barnehagegudstenester

2

0

Deltaking julekveldsgudstenester

0

0

Andakt institusjon

1

2

Besøksteneste

47

48

Sjelesorgsamtalar

0

0

Konsertar

1

0

Deltaking konsertar

24

0



 

Nøkkeltal trusopplæring:

Tiltak

Oppmøte

% oppmøte

Babysong

5

62

0-4 kyrkjefadrar

26

100

4-årsbok

7

100

5-kyrkjerotter

8

114

6-års bok

8

100

8-9 Tårnagentene

9

82

10- år nytestamente

9

100

11- år Lys våken

7

70

13-15 Tur Troll aktiv

0

0

15- konfirmasjon

8

73

16-17 konfirmantleiarar

1

9

 

 

 


 

Rekruttering - utvikling medlemmar 0-4 år :

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

38

31

33

30

30

29

26


 

Rekruttering/medlemar i prosent av antal personar mellom 0-4 år:

2019

2020

71,4

66,6


 

Kommentarar til nøkkeltal:

Statistikken for dei to siste år er spesiell og kan ikkje vektleggjast når det gjeld oppmøte til gudstenester og anna aktivitet. Trusopplæringa har likevel gått stort sett som normalt.

Folkekyrkja sin styrke er framleis at me har tilnærma 100% oppslutnad om gravferder og er det naturlege valet for folk flest når dei skal ta avskil med sine næraste. På dette området er det ingen som kan erstatta kyrkjas rolle i overskodeleg framtid

Kyrkja har også god oppslutnad om trusopplæringstiltaka og konfirmansjon blant medlemmane. Det som vert avgjerande er at medlemstalet oppretthaldast. Dette skjer ved dåp. Dette talet har diverre ein langsiktig negativ utvikling. I 2015 var gjennomsnittleg dåpstal dei 4 siste åra 9,5 medan tilsvarande tal i 2021 var 6,5. Me ser også at kyrkja har svekka sin stilling ikkje berre når det gjeld sjølve dåpstalet, men også når det gjeld prosentvis oppslutnad i befolkninga.


 

Verksemd i løpet av året :

Gudstenester.

På grunn av pandemien har det vore fleire avlysingar av gudstenester. Mellom desse var alle i påska, 17.-mai, og alle gudstenestene i jula. Det har utanom dei vanlege gudstenestene vore ei friluftsgudsteneste, to i samband med trusopplæring, ei på Fjellhagens dag, ei veteranbilgudsteneste, ei minnestund for avlidne i året som gjekk, ei ljosmesse med konfirmantane og konfirmantpresentasjon med deltaking av 50-årskonfirmantar.

 

Fellesmøte.

Det har ikkje vore mogleg å få til fellesmøter på grunn av strenge koronarestriksjonar.

 

Dåp i eigne gudstenester.

Det har vore 6 dåp i Åseral kyrkjelyd det siste året. Ein av desse som eigen dåpsgudsteneste. Tilbakemeldingane har vore at dette har vore ei positiv oppleving der dåpen er i fokus heile tida. Det er mykje som talar for at dette er ei ordning som er komen for å bli. Biskopen ønskjer denne ordninga velkomen, og han tenker dette kan bidra til at dåpstala kan gå oppover.

 

Skulegudstenester.

Det var ingen skulegudstenester før jul grunna strenge koronarestriksjonar på denne tida

 

Spesielle gudstenestar:

Den tradisjonelle veteranbilgudstenesta som vert arrangert kvar sommar, var i år 18. juli. Trass i koronarestriksjonar møtte det også i år mange menneskjer. Arrangementet var i samarbeid med Minne kultursenter og Frivilligsentralen Oppas Hus. Etter gudstenesta hadde soknerådet ansvar for kyrkjekaffi med mykje god heimebakst ute på kyrkjebakken.

Friluftsgudstenesta var sundag 22. august på Kyrkjeodden ved Åknes kapell. Folk hadde med nistemat og soknerådet sytte for bålkaffi. Turid Røynlid fortalde om kapellet. Etterpå var det Naturlostur til Kyrkjevodden der den gamle stolpekyrkja stod. Kari Røynlid viste veg og fortalde om stolpekyrkja.

 

Andakter.

Det har vore 2 andakter for eldre i 2021. Før pandemien kom hadde presten andakt ein gong i månaden på «Open dag», som var i regi av Frivilligsentralen

 

 

Trusopplæringstiltak og konfirmantarbeid:

 

Barna sitt blomebed.

Åse Austrud og barn frå barnehagen planta i barna sitt blomebed på kyrkjegarden ved Åseral kyrkje.

Babysong: Gunvor Ljosland starta opp babysong i haust og det har vore tilnærma 100% oppslutning.

Kyrkjefadrar for 0-4 år.

Kyrkjefadrane har vitja barnet og familien ved første, andre og tredje års dåpsdag og hatt med gåve til barnet. Dei vitja og familien med invitasjon til gudstenesta ved utdeling av fire års boka.

 

Kyrkjerotter

Tysdag 20. april om ettermiddagen var det samling for 5 åringane, kyrkjerotte kino.

 

Utdeling av 4 og 6 års boka.

19. september var det utdeling av 4 og 6 års boka. Dei som ikkje var tilstades fekk boka tilsendt etterpå.

 

Tårnagenthelg for 8 åringar.

Laurdag 5. juni var det samling for tårnagentane saman med årskullet frå i fjor som då blei avlyst på grunn av korona. På grunn av koronarestriksjonane blei samlinga berre laurdag, og ikkje deltaking i gudsteneste sundag.

 

«Lys våken» helg for 11 åringar.

Helga 13. og 14. november var det lysvåken i kyrkja for 10 åringar. Dei deltok ved gudstenesta sundag med song og dramatisering av teksta. Dei fekk utdela 10 års nytestament, som blei sendt til dei som ikkje var tilstades.

 

Elles kjem aktivitetane og oppslutninga frå i nøkkeltala over.

 

Konfirmantarbeidet

Konfirmantarbeidet i Åseral har vore positivt dei siste to åra.

I kullet som starta i 2020 vart det åtte som vart konfirmert. Konfirmasjonen var i september 2021. Leiren og kick-off, som var planlagt hausten 2020, vart avlyst for dei som vart konfirmert i 2021 på grunn av smittesituasjonen. I staden arrangerte konfirmantutvalet i Åseral sin eigen hyttetur med overnatting på hytta Astrid og Alexander Skeibrokk vinteren 2021. Sumaren lånte med busse til frivilligsentralen og var på eit besøk hos presten på Evje prestegard der det vart diska opp med grillmat. Dei hadde også sin eigen kick-off med gocart-køyring i Sørlandsparken hausten 2020. Dei har fått 11 dobbelttimar med undervisning i Åseral bedehus. Konfirmantane deltok ved ljosmessa i Åknes kapell 1. sundag i advent, 28. november

 

I kullet som starta hausten 2021 er det fem konfirmantar i ei klasse på 7. Dette kullet hadde både kick-off og leir saman med konfirmantane frå Evje og Hornnes, og Byglands-konfirmantane. På desse arrangementa var konfirmantutvalet med. Denne hausten har Anna Heggland vore vikar i undervisninga i presten sitt fråvær.

 

 

Konfirmantundervisninga var på Åseral Bedehus. Dei kjem direkte dit etter skulen og får eit måltid varm mat før dei byrjar med undervisninga.


 

Hjelpearbeid og misjon:

Kirkens Nødhjelp – fasteaksjon

Tema for 2021 var Forandre. For Andre. Det gjekk ut på å gje fleire tilgang på reint vatn. Arna Berg, kontaktperson for Kirkens Nødhjelp skulle ha vore på inspirasjonssamling i Kristiansand 22. januar, men på grunn av koronarestriksjonane blei denne digital. Innsamlingsaksjonen blei også dette året digital og i tillegg blei det sendt ut pappbøsser saman med kyrkjebladet til alle husstandane. Alle konfirmantane var med på dette. Gjennom digital innsamling på facebook, papirbøsser og vips blei det samla inn i alt kr. 12 032,

 

Misjonsprosjekt.

Soknerådet har Misjonsalliansen, Liberia, som misjonsprosjekt med tre offer og inntil kr. 5 000,- pr år

 

Offer: I offer kom det inn totalt kr. 31516,85 av dette var kr. 6697,35,- til eiga verksemd.

 

Diakoni: Sjå årsmeldingar frå diakoniutval og prostidiakonen.

 

Song, musikk, kulturarrangement:

Alle planlagde konsertar og kulturarrangement har blitt avlyst.

 

 

 

Informasjon:

 

Heimeside og Facebookside.

Her finn ein kontaktinformasjon og kalender. Sokneprest Kjell har gjort ein kjempeinnsats med å leggja ut nye innlegg. Kyrkjetenar har fått oppgåva med å leggja ut ting som skjer i gudstenesta og minne om gudstenester og anna på facebook.

 

Kyrkjeblad

Andre året med felles kyrkjeblad for Åseral, Evje og Hornnes. Åseral har to medlemar i styret og redaksjonskomiteen for bladet. Frivillige delar ut bladet til alle husstandane i Åseral.

 

Frivilligsentralen:

Åseral sokneråd er med i frivilligsentralen som medeigar. Alle eigarane kan bruka frivilligsentralen sin buss, dette har vore til nytte i konfirmantarbeidet.

 

Bygg og anlegg:

 

Dugnad på gravplassane.

Det har ikkje vore naudsynt med dugnad på gravplassane dette året.

Vedlikehald.

Nødvendig restaureringsarbeid og måling av Åseral kyrkje utvendig er utført med flott resultat.

 

Takk.

Takk til alle som bidrog med ulike tenester i kyrkjelyden i 2021!

Den årlege samlinga for tilsette frivillige og sokneråd måtte avlysast på grunn av koronarestriksjonane.

Åse Austrud

Soknerådsleiar Sjur Høgetveit

Kyrkjeverje

 

Vedlegg:

Økonomi

Årsrapport gudstenestefutval

Årsrapport trusopplæringsutval

Årsrapport diakonisamarbeid

Årsrapport kyrkjeblad

 

 

 

 

 

Økonomi:

Soknerådsfunksjonen – anna kyrkjeleg verksemd, ikkje revidert

Utgifter

 

 

 

Lønninger

Regnskap

Budsjett

Avvik

Fastlønn

8 561

 

 

Helgedagstillegg

1 852

 

 

Kveld og nattillegg

1 314

 

 

Påløpt lønn

938

 

 

Annen lønn og trekkpliktige godtgjørelser

11 621

 

 

Pensjonsinnskudd

2 104

 

 

Arbeidsgiveravgift

2 770

 

 

Sum lønnsutgifter

29 159

95000

-65 841

Varer og tjenester

 

 

 

Kontormateriell, aviser, tidsskrifter

0

 

 

Aktivitetsrelatert forbruksmateriell/utstyr/tjenester

1 340

 

 

Dåpsopplæring

1 831

 

 

Bibler

3 187

 

 

Konfirmantarb.

16 319

 

 

Annet forbruksmateriell

2 484

 

 

Matvarer

5 917

 

 

Post, banktjenester, telefon, internett/bredbånd

449

 

 

Gebyr, post,bank

3 683

 

 

Annonse, reklame,trykking, informasjon og representasjon

696

 

 

Gaver/blomster

5 104

 

 

Opplæring, kurs

0

 

 

Utgifter og godtgjørelser for reiser, diett, bil m.v. som er oppgavepliktige

445

 

 

Forsikring tilsette

400

 

 

Leie av lokaler og grunn

10 000

 

 

Konsulenttjenester/kjøp av tjenester, trosopplæring

22 132

 

 

Konsultenttjenester diakonisamarbeid

117 000

 

 

 

190 986

174000

16 986

Sum utgifter uten mva og offer til andre

220 144

269000

 

Merverdiavgift som gir rett til momskompensasjon

5 851

0

5 851,16

Overføring av ofringer/middel samlet inn til andre

24 820

62000

-37 181

 

30 671

 

 

Sum utgifter

250 815

331 000

-80 185


 


 


 


 


 


 

Inntekter

Regnskap

Budsjett

Avvik

Refusjon fra andre (private), tilskudd fra Hekta

-11 878

0

-11 878

Tilskudd fra rettsobjektet Den norske kirke, trosopplæring

-126 000

-126000

0

Koronamidler fra rettsubjektet Den norske kirke

-15 000

0

-15 000

Tilskudd fra kommunen/kommunale institusjoner

-134 000

-134000

0

Offer/samlet inn til egen virksomhet

-6 697

-23000

16 303

Renteinntekter

-571

0

-571

Inntekter uten mva og offer til andre

-294 147

-283000

-11 147

Kompensasjon moms påløpt i driftsregnskapet

-5 851

0

-5 851

Offer/samlet inn til annen virksomhet

-24 820

-62000

37 181

Bruk av bundne fond, bibler

-3 187

0

-3 187

Sum inntekter

-328 005

-345 000

16 995

Overskudd/mindreforbruk

-77 190

-14000

-63 190


 

Kommentarar:

Det var budsjettert med eit overskott på kr. 14 000,- noko som gjer at funksjonen ligg an til eit mindreforbruk på over kr. 63000,- i forhold til budsjett.

Det er eit stort mindreforbruk på løningar på over kr. 65 000,- grunna at det ikkje har lukkast å tilsetja trusopplærer og kyrkjelydsarbeidar i så stor grad som planlagd.

Samstundes er det eit meirforbruk av varer og tenester på nær kr. 17 000,- Dette kan tilskrivast at me har leigd inn ekstra hjelp i trusopplæringa grunna at me ikkje har lukkast fullt ut med tilsetjingar.

Den største posten på utgiftssida er deltakinga i diakonisamarbeidet og soknerådet er avhengig av å tilføra soknerådsfunksjonen ein del av det kommunale tilskottet for å finansiera dette.

Soknerådet har fått kr. 126 000,- i trusopplæringsmidlar frå kyrkja sentralt (Rettssubjektet Den Norske kyrkje). Desse skal nyttast til trusopplæring for gruppa 0-18 år, og bruken av desse må rapporterast til kyrkja sentralt. I tillegg har me fått 15000,- i koronamidlar og frifondmidlar gjennom Hekta som ikkje var med i budsjettet. Me har difor litt meir inntekter enn budsjettert sjølv om offer til eige arbeid ligg langt under budsjett.


 

Kyrkjeleg administrasjon, kyrkje og gravplassar

Fellesrådsverksemda

2021

Budsjett

Avvik

Kyrkjeleg administrasjon, underskot

34272

10000

24272

Kyrkjer. Overskot

-47714

4000

-51714

Gravplasser, overskot

-18523

0

-18523

Sum overskot

-31965

14000

-45965


 

Fellesrådsdrifta har eit overskott på kr. 31965,- som er kr. 45965,- betre enn budsjettert. Meir detaljert gjennomgang kjem i samband med årsoppgjer.

Kyrkja hadde ved årets start eit disposisjonsfond på kr. 387 464,-

Årsmelding for Gudstenesteutvalet 2021

 

Medlemmar: Sokneprest Kjell Steinbru, soknerådsleiar Åse Austrud og Arna Berg.

 

Utvalet har hatt fleire møter og elles mykje kontakt over telefon. Det har vore eit utfordrande år med ulike koronarestriksjonar og avlysing av gudstenester, og særleg krevjande i periode der sokneprest Kjell Steinbru har vore sjukemeld.

 

Oppgåvene har vore:

  • Setja opp forslag til gudstenesteliste og offerliste for andre halvår 2021 til behandling i soknerådet, og forslag til gudstenesteliste og offerliste for heile 2022.

  • Skaffa frivillige klokkarar og kyrkjevertar.

  • Avgjera kyrkjekaffi og organisera hjelp til det.

  • Soknerådsleiar Åse Austrud var med i komite saman med Åseral Bedehus og Betania om fellesmøte i 2022.

 

Det har vore 4 frivillige klokkarar og 10 kyrkjevertar.

På grunn av koronarestriksjonane har det vore mindre kyrkjekaffi enn før, men når det har vore så har folk vore villig til å baka kaker, laga mat og hjelpa til.

 

 

Åseral, 24. februar 2021

 

Arna Berg

 

Årsmelding for Trusopplæringsutvalet 2021

 

Medlemmar: Sokneprest Kjell Steinbru, Andreas Forgard, soknerådsleiar Åse Austrud og Gunvor Ljosland. I tillegg Arna Berg som er engasjert i organisering av trusopplæringaarbeidet og gjennomføring av planen.

 

Utvalet har hatt 2 møte og behandla 4 saker, men underskriva har arbeidd mykje med organisering av trusopplæringa utanom møtene.

 

Åseral kyrkjelyd har 6 frivillige kyrkjefadrar som vitjar barnet og familien og har med gåve ved 1, 2 og 3 års dåpsdag. Det har vore møte med kyrkjefadrane om arbeidet deira. Dei var med og avgjorde kva område den enkelte har og hadde gode innspel på gåvene samt eventuelle endringar.

 

Utvalet byrja arbeidet med justering av Trusopplæringsplanen. Den planen vi har vart vedteken i 2016 og er den første planen for Åseral aleine, tidlegare hadde ein trusopplæring og felles plan saman med Audnedal. Planen er god, men ikkje alt er i gang, og det er ikkje trusopplæringstiltak for alle aldersgrupper. Det er ynskjeleg å få til noko for alle aldersgrupper som er gjennomførbart.

 

Utvalet har hatt gjennomgang av gåvene etter innspel frå kyrkjefadrane. Det er arbeidd med endring av desse for 2022.

 

Det har vore eit utfordrande år med ulike koronarestriksjonar og avlysing av gudsteneste med planlagt trusopplæringstiltak. Når sokneprest Kjell Steinbru i periode har vore sjukemeld og ingen fast vikar så har vi ikkje hatt nokon prest i samtale og veiledarrolla som er viktig for arbeidet i trusopplæringa.

 

Hausten 2021 starta Babysang opp att, og Gunvor Ljosland er tilsett som trusopplærar for Babysang. Med god hjelp av frivillige var diakon Anna Heggland inne som trusopplærar for Tårnagentsamling, Kyrkjerotter og Lys Våken.

 

 

Åseral, 24. februar 2021

 

Arna Berg

 

Årsmelding fra prostidiakonen 2021


 

2021 har vært et år preget av pandemi, nedstenging og en diakon som til tider har vært helt ute av drift. En ordinær årsrapport er vanskelig å skrive. Jeg lister opp noen høydepunkter fra året:

  • Pilegrimsvandring i august, fra Fjellgardane kyrkje på Hovden til Austad kyrkje på Tveit. Ca 25 pilegrimer vandret sammen nedover Setesdal. Komiteen bestod av Per Emanuelsen, Svein Kleivane, Bernt E Berntsen, Sissel Åkre, Astrid Nomeland og Helga Victoria Aas Johnsen. Under vandringen var Åse Gudrun Thortveit og Anna Heggland med og bidro. Det ble en flott vandring, og vi ser fram mot årets vandring fra Bygland via Evje til Iveland 25.-28. juni. Neste år starter vi i Åseral og går via Hornnes, Hægeland og Øvrebø mot Vennesla nye kirke.

  • Fra januar til mars/april var mye stengt og det var få plasser man kunne samles. I Vennesla startet diakonen sammen med prest og frivillige en sosial samling «Rundt bålet» en gang i uka. En times tid med medbragt niste og kaffekopp og med god prat rundt bålet.

  • Det har ikke vært Diakoniens dag-gudstjenester i alle soknene dette året, men det ble rom for Iveland i februar og Vennesla i september. Da bidrar diakoniutvalgene i planlegging, og diakonen er med som predikant og medliturg. Det er flott å løfte fram diakonien i gudstjenesten.

  • I Åseral var Anna Heggland diakonvikar under «Stille stund» på allehelgensaften. Hun var også med på å dele ut blomster i Åseral til de over 80 før jul.

  • I Evje og Hornnes mangler vi for tiden et fungerende diakoniutvalg. Anna Heggland var diakonvikar her fra januar-juni, og grunnet nedstenging ble det begrensede muligheter. Det har vært noen besøk og sjelesorgssamtaler, og et par andakter på Evjeheimen. Det har ikke vært aktivitet i KIA Evje og Hornnes siden februar 2020.

  • Ellers har de fleste diakoniutvalgene hatt ett eller flere møter i løpet av året, og diakonen har vært med i alle menighetene (Unntatt Evje og Hornnes).

  • Vi har hatt møter i oppfølgingstjenesten for Vennesla og for Øvrebø og Hægeland. I Øvrebø og Hægeland er det behov for flere frivillige som kan tenke seg oppgaven å ringe pårørende i etterkant av dødsfall.

  • I oktober var det bispevisitas i Øvrebø, Hægeland og Vennesla. Diakonen deltok på møter med stab og menighetsråd, møte med kommunen, møte på Venneslaheimen med tema åndelig omsorg og Visitasgudstjeneste. Biskopen oppfordret kommunen og menighetene til å styrke satsningen på diakoni, og han trakk også frem at det er behov for arbeid med psykisk utviklingshemmede.

Dette er høydepunktene fra året 2021. Jeg gleder meg over at vi nå kan øke aktiviteten, og det oppleves som en ny start å skulle begynne igjen etter to år med pandemi, permisjon og sykemelding.


 

Jeg vil avslutte årsmeldingen med første vers av et dikt av Hans Olav Mørk, skrevet i mars 2020. Vi vet jo ikke helt om dette er over, men nå er vi i en lettere tid, en tid for å igjen trekke sammen i fellesskapene. Diktet traff meg da det kom, og jeg synes det er fint å finne det fram nå, når det ser ut som vi har nådd andre siden av dette.


 

Vi skal møtes når dette er over,
ved et bord i en smekkfull kafé,
i en kirke, i midtgangens vrimmel
mot Guds alter og det som skal skje.
Vi skal feire og synge og le.

(Hans Olav Mørk 2020)


 

Vennesla, 23. februar 2022

Helga Victoria Aas Johnsen
Prostidiakon


 


 

 

 

 

 

Årsmelding for Diakoniutvalet 2021

 

Medlemmar: Prostidiakonen, sokneprest Kjell Steinbru, Lise Marit Tickner og Arna Berg.

 

Utvalet har hatt 3 møte med 9 saker. På møtet med planlegging av «Stille stund» var Ann-Margret Haaland til stades.

 

2021 er andre året Åseral er med i diakonisamarbeidet i Otredalen prosti med diakon i 15 % stilling. På grunn av permisjon/sjukdom og koronaresrtiksjonar har prostidiakonen vore lite synleg i kyrkjelydsarbeidet i Åseral.

 

På det første møtet vart prostidiakonen vald til leiar og referent for diakoniutvalet. Vidare vart arbeidsoppgåvene for 2021 drøfta og løysing av dei i koronatida.

 

Friluftsgudsteneste.

Friluftsgudsteneste var sundag 22. august kl. 11:00 på Kyrkjeodden ved Åknes kapell. Folk hadde med kopp og nistemat, og soknerådet sytte for bålkaffi. Turid Røynlid fortalde om kapellet.

Etterpå var det Naturlostur til Kyrkjevodden der den gamle stolpekyrkja stod. Kari Røynlid viste veg og fortalde om stolpekyrkja.

 

«Stille stund» - Allehelgens samling i Åseral Kyrkje, laurdag 6. november kl. 19:00.

Dei siste åra har ein hatt allehelgens samling i Åseral kyrkje, som vert kalla «Stille stund».

Kvelden er open for alle, men det vert sendt invitasjon til dei som har mista nokon av sine det siste året. Kvelden vart planlagt med musikk av Ann Margret Haaland på orgel og allsong. Diakonvikar Anna Heggland hadde ord til trøyst og tende ljos for dei som gjekk bort siste året. Samlinga vart avslutta med kyrkjekaffi.

 

Blomar til alle over 80 år.

Prostidiakon og frivillige vitja alle over 80 år (medlemar i kyrkja) føre jol med blome og jolehelsing. 38 medlemmar fekk blome og helsing.

 

Året var prega av koronarestriksjonar, og ikkje alt ein ønska let seg gjera, men det viktigaste var å få gjennomført Stille Stund og utdeling av blomar føre jol.

 

 

Åseral, 23. februar 2022

 

Arna Berg

 


 


 


 

Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes

 

Årsmelding for 2021

 

Styre og redaksjonskomite.

Frå Evje og Hornnes sokneråd: Lindy Eidem, Inger Juvastøl og Ingvard Østerhus.

Frå Åseral sokneråd: Olav Åsland og Arna Berg.

Styreleiar og redaktør: Arna Berg.

Sekretær: Olav Åsland.

 

Møte.

Styret har hatt eit møte, 18. januar.

Redaksjonskomiten har hatt 4 møte, 18. januar, 26. april, 16. august og 18. oktober.

 

Trykkeri.

Kyrkjebladet vert trykt ved Setesdalstrykk AS og redaksjonskomiteen er godt nøgd med samarbeidet. Første halvår utførte Gunbjørg Gundersen layout/ombrekking på dugnad og sende ferdig trykkfil til trykkeriet. Andre halvår har Setesdalstrykk AS også hatt ansvar for layout/ombrekking.

 

Utgjeving.

Det vart gjeve ut 4 utgåver, påske, sommar, haust og jol. A4 format og 12 sider i fargar.

 

Økonomi.

Styret/redaksjonskomiteen gjer alt frivillig, layout/ombrekking var utført av frivillig for 1. halvår 2021, og det er frivillige som køyrer rundt med kyrkjebladet til husstandane i Åseral sokn. Inntektene er annonsar, gåver og offer til bladet. Utgiftene er hovudsakleg trykking og portoutgifter. Utgiftene har auka frå 2020 til 2021. Mykje av auken kjem av at layout/ombrekking vart utført av løna personale for 2. halvår.

 

Takk.

Takk for godt samarbeid med tilsette og kyrkjekontora i begge sokn og særleg kyrkjeverje Sjur Høgetveit som har ansvar for rekneskapen.

Takk til alle som på ulike måtar har bidradd til at kyrkjebladet har blitt så vellukka!

 

 

Åseral 13. februar 2022

 

Arna Berg

Styreleiar/redaktør


 

1

Tilbake