Åknes kapell


Det har vore kyrkje ved Lognavatnet langt tilbake i tida. Johannes Skard, i boksamlinga «Gamalt or Sætesdal», skriv følgjande om kapellet som skulle ha stått på Kyrkjevodden: «Presten sat i Åknes, og på Kjyrkjevodden, tett innmed, stod kyrkja, Åby kjyrkje dei kalla.» Men med namnet «Åby» har truleg Skaar blanda Åknes kapell og Åseral kyrkje.

No er tuftane til denne gamle kyrkja frå middelalderen funnen. Dei gamle kunne òg fortelje at det låg att steinheller på tufta der den gamle kyrkja hadde lege. Kyrkja låg eit par hundre meter nord frå det noverande kapellet, og vart reist på 1200-talet. Den låg veldig fint til med utsikt over fjella rundt om. Tarjei Liestøl nemner kyrkjetradisjonen i si Gards- og ættesoge for Åseral, og viser til namna Kjørkodden, Kjørkjevodden og Kjørkjefjedde på Åknes. Han skriv at «på tufta etter den gamle kyrkja låg det lenge att steinheller, som synte kvar kyrkja hadde stade». (Band I s. 477) Det er gjort arkeologiske utgravingar på staden som stadfester segna. Undersøkingane vart leia av Frans-Arne H. Stylegar Les meir om det her. Kyrkja låg ved Nordmannsvegen som var den viktigaste vegen mellom Åseral og Setesdal i eldre tid. Denne gjekk frå Bygland, over Skomedalsheia ned til Olavsøygard, Espelid og Austegard, og vidare sørover over Kyrkjevodden, gjennom Lognadalen og fram til Åseral Kyrkjebygd. 

Utpå 1800-talet vaks det fram eit ønskje om å få ei ny kyrkje på Åkneset. Men det var vanskeleg å få gehør for dette både frå prest og kommune. Men da lensmann Knut Larsson Liestøl vart vald inn på Stortinget i 1865, var det fart i sakene, og det vart frå Stortinget bevilga 400 spesidalar til bygginga. Knut L. Liestøl vaks opp på garden Liestøl, men flytta seinare til Austegard, der nede. Longdølane bidrog med mykje frivillig arbeid i reisinga av kapellet.

Knut Larsson Liestøl

Byggmeistrar var Tobias Flottorp og Gard Ekså. Jo Svenson Tjaldal teglde stokkane og høvla dei. Alt var handarbeid. Byggmeistrane laga til både preikestol og døypefont.

Men altertavla vart laga av Lars Svenson Juvasstøyl. I følgje Berte Torkildsen (ho har skrive ei bok om Hedderen i Åseral) vart tavla frakta på slede om vinteren, frå inne på heia, over vatnet på isen, og ned til Lognavatn. Kona hans, Birgit, var med på turen, og ho fortalde at dette var så strevsamt, at ho tok seg heilt ut. Men altertavla kom på plass. Den stod umåla ved innviinga av kapellet. 

Det var Prost Blom som stod for vigslinga av kapellet. Han sa dette då han fekk sjå kyrkja: "Når dere nu maler altertavlen, så bør dere ikke male den som de gamle bondetinene". Longdølane tok prosten på ordet, og måla ho då kvit. Først ved ei oppussing i 1935 kom dei fargane som vi kjenner no på plass. Da kom den først til sin rett. Det var kunstmålarane Krafft og Sørensen som tok ut farger, mens Tomas Daasvatn stod for sjølve målinga. Åknes kapell er kjent for den spesielle fargebruken i interiøret og på altertavla,

Dei første åra vart det halden omkring ti gudstjenester i året i kapellet. Sognepresten fikk skyss opp til bygda og longdølene hadde også ordna med nattelosji for presten.

Bilete frå den tida altertavla var kvit.

Alteret slik det ser ut i dag.

Dåpsfatet i koppar var ei gåve frå oberstløytnant E. H. Gundersen og kona hans. Det er laga av ein mine frå første verdskrigen og gjeve til kyrkja i 1935.

Torgeir Eikild laga til nye benker som også stod ferdige til den første gudstenesta i nyoppussa kapell på nyårsdagen 1936.

Kyrkjeklokka var det Knut L. Liestøl som kjøpte i Oslo i 1873. Den vart frakta med hest frå Kristiansand til Dåsvatn. Herifrå var det Torgeir Helleren som bar klokka på ryggen opp til Åknes. Det vert fortald at han ringa med klokka før han tok til med den lange og bratte vegen opp Lindalen og vidare innover Fiskårdalen.

Byste av professor Knut Liestøl utanfor kapellet-

I sakristiet heng den første gravkrossen som er laga her. Det er dreia av Aslak Espelid og laga av einer.

Bilveg fram til kapellet kom først i 1950. Same året vart uthuset bygd, og seinare vart det også bygd sakristi til kapellet. Det vart òg sett inn doble småruta vindauge og lagt inn elektrisk varmeanlegg.

Nytt uthus med bårehus kom i 1988.

Orgelet kom på plass i 1988. Det er bygget av Orgelmakerij Reil BV i Nederland. Men det er treskjerar Jostein Folkvord som har laga dei vakre akantusrankane på framsida av orgelet. Ljoskastarar kom i 1973. Siste gong kyrkja vart måla var i 2022.

Planlagde prosjekt er å lage til ei rampe for rullestolbrukarar og lage ein grusveg frå asfaltvegen og inn til kyrkja. 

Her er ein video som fortel om korleis kapellet vart ein realitet.

 

Tilbake