Åseral kirkelige felleråd > Kyrkjelyden > Artikler > Artikkeldetaljer


Åseral kyrkje


Interiør frå Åseral kyrkje.

Staden der kyrkja står heitte frå gammalt av Åbø. Dette namnet tyder «Garden ved elva». Men dette namnet er med tida gått ut av bruk. Åseral kyrkje er for første gang nemnd i «Pavelege Nuntiers Rekneskap og dagbøker» frå åra 1282-1334. Dette skriv Tarjei Liestøl i Grads- og ættesoga for Åseral (Band I s.125). Ein reknar med at kyrkja heile tida har stått på den same staden. Liestøl skriv at det er ikkje nemnt anten i segn eller dokument at ho hev stade andre stader. Den noverande kyrkja er frå 1822. Den førre vart bygd i 1705. Kva slags, og kor mange kyrkjer som har stått her tidlegare veit ein ikkje sikkert.

Den gamle kyrkja frå 1705 var ei laftebygd trekyrkje. Ein del av materiala frå denne kyrkja er brukt i den nye kyrkja frå 1822. Det er no arbeid på gang for å finne ut kva tid stokkane i den noverande kyrkja stammer frå. 

På 1700-talet vart mange kyrkjebygg i Noreg selde fordi kongen av Danmark hadde pengevanskar. Soga fortel at i 1750 kjøpte Olav Gunnarson Verdal Åseral kyrkje av Knut Ellingson Nerstøl. Han hadde vore kyrkjeeigar i fleire år, og var nå lei av det. Allmugen i Åseral kjøpte sidan att kyrkja si og fekk auksjonsskøyte på henne i 1755.

Kyrkjespiret i den noverande kyrkja er det same som stod i den gamle kyrkja. Det vart smia av Knut Gunnulvs Son Mørck og har bokstavane KGSM 1705 på fløyen, så der står altså årstalet for den gamle kyrkja.

På utgangsdøra som vender mot sør er det ein kunstferdig smidd jernring. Denne er truleg laga av Ånund Reierson Forgard i byrjinga av syttenhundretalet den òg. Ei lita barokk lysekrone i messing er òg henta frå den gamle kyrkja.

Så vart altså den gamle kyrkja riven og ei ny kyrkje bygd, og den stod altså ferdig i 1822. Byggmeistrar, og truleg også arkitektar, var Olav O. Aasland og Olav Bakken. Dei må ha teke godt vare på det gamle, for dei klenodiane som er nemnt ovanfor, finns i kyrkja den dag i dag. Ein må hugse på at kyrkja blei bygd rett etter Napoleonskrigane. Dette var ei tid der med knappheit på mykje, så gjenbruk var nok uansett einaste moglegheit.

Tradisjonen fortel at i våpenhuset, som er innganspartiet til kyrkja, skal det være stokkar frå den gamle kyrkja. I dette rommet heng det òg ei dør til ein kyrkjebenk med årstalet 1712 måla på. Over inngangsdøra inne i sjølve kyrkjerommet står innskrifta: «Til Guds ære og til folkets gavn er denne kirke opført i aaret 1822».

Altertavla er i barokkstil. Den vart laga til i 1822 og måla av Bent Aslakson Spillebrok frå Fjotland. Døypefonten, preikestolen og altarringen er laga det same året.

Døypefatet er eit fint messingfat frå 1706, og ein kan lese der at det er gjeve som gåve frå Monsieur Christopher Spinke frå Christiansand.

I kyrkja sitt kor står det ein gammal umåla stol. På den står det skrive: «Søren Sørensen Skive 1724».

Kyrkjeklokka er frå 1872. Den er levert av Porsgrunn mekaniske verkstad. Den gamle klokka frå 1763 sprakk ein gong det vart ringa for hardt med ho. Kyrkja har no fått installert automatisk ringing.

Sidan Åseral kyrkje er ei krosskyrkje, er det to trev, eller galleri, i krossarmane. Over inngangsdøra er det i tillegg orgeltrev. I alt har kyrkja 300 sitteplassar

Kyrkja vart restaurert i 1952, og da kom dei gamle fargane inne i kyrkjerommet attende. Sakristiet, som er eit påbygg på austsida, vart bygd i 1954. Nytt orgel kom i 1960. Det same året vart det også lagt inn elektrisk oppvarming, men den gamle vedomnen fekk likevel stå.

Orgelet kjem frå Vestlandske orgelverkstad, er frå 1960, og har sju register.

Nytt bårehus vart bygd i 1972. Året etter kom det ljoskastaranlegg. I 1981 og i 2021 vart kyrkja måla utvendig. I 2021 vart også nokre kledningbord skifta ut. I 1986 fekk kyrkja eit nytt målingsstrok innvendig.

På Åseral kyrkjegard ligg der 10 graver frå den andre verdskrigen. To engelske fly vart skotne ned i Åseral i desember 1944. Det eine ved Tindefjell og det andre på heia ved Reiersdal. Kvar 17. mai vert det etter gudstenesta halde ei minnemarkering og lagt ned krans på flygargravane. I rådhuset heng to minnetavlar som er gjevne i takksemd frå engelske slektningar som har vitja gravplassen.

I 2022 vert kyrkja sitt 200-års-jubileum markert i ei gudsteneste den 28. august.

Åseral kyrkje

Tilbake