Dei siste to åra ha pandemien satt ein stoppar for bøsseinnsamlinga til Fasteaksjonen. Mens koronapandemien herja som verst, vart det ikkje tilrådd å sende konfirmantar frå dør til dør for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt hjelpearbeid. Men no ligg alt til rette for at vi kan gjenoppta bøsseinnsamlinga.
Åseral har alltid ligge høgt på lista over innsamla midlar per innbyggjar. Så når me no startar opp igjen, så har me håp om at me igjen kan sjå Åseral kyrkjelyd heit på toppen.
Og akkurat «håp» er tema for fasteaksjonen i år. Fasteaksjonen 2022 har fått tittelen «Håp i ein dråpe vatn». Vatn har me nok av i Åseral, og me kjenner oss særs trygge på at det alltid kjem klårt og reint vatn ut når me opnar krana. Men ute i verda er situasjonen i mange land ein heilt annan.
Tilgang til nok vatn og reint vatn er heilt grunnleggande for oss menneske. Over halvparten av kroppane våre består av vatn. Folk blir sjuke, og mange døyr også fordi dei ikkje har tilgang til reint vatn. Mange må også gå svært langt for å komme til ei vasskjelde, og må bære vatnet heim.
Tysdag den 5. april er aksjonsdagen. Dei som ikkje har kontantar til å leggje i bøssa, kan nytte Vipps. Nummeret er: 2426. Alt som kjem inn frå innbyggjarane i Åseral på Vipps, vert rekna med i Åseral sitt rekneskap. Ein kan også sende ein SMS med kodeord «VANN» til nummer 2426. Da vil ein automatisk gje 250kr.
Her er ein film om årets innsamlingsaksjon.
