Dette året er Åseral kyrkje 200 år. Det skal markerast i ei jubileumsgudsteneste den 28. august. Biskop Stein Reinertsen er invitert til denne gudstenesta.
Soknerådet har oppretta ein komité som skal arbeide med jubileumsmarkeringa. Frans Arne Stylegar har vorte engasjert til å skrive ei jubileumsbok. Han er i full gang med å undersøke kyrkja, om den kanskje kan gje ein peikepinn på kva for kyrkjer som har stade der før. Det har vore kyrkje i Åseral på same plassen langt tilbake i tid. Tarjei Liestøl skriv i Gards- og ættesoga, band 1, s. 125, følgjande: «Ein må rekna med at den første kyrkja i Åseral blei reist på garden Berg, og det er ikkje nemnt anten i segn eller dokument at ho hev stade andre stader. Kyrkja med kapell er nemnd i «Pavelige Nuntiers Regnskabs og Dagbøger 1282 – 1334», utgjeve ved P. A. Munch i 1864». Ved 150-års jubileet i 1972 helt Liestøl ein tale som vart funnen att i arkivet som han nytta til skrivinga av Åseral. Gard og ætt. Dette arkivskåpet er no teken vare på i rådhuset. Fædrelandsvennen hadde ein artikkel frå dette jubileet mondag den 11. september 1972.
