Dåp i «desse koronatider»


 

Vi lever i vanskelege tider for land og folk. Vi har strenge nasjonale koronatiltak no, og dei må vi i kyrkja også følgje i høve til kor mange som kan vere til stades i innandørs arrangement utan fastmonterte stoler. Her gjeld det ei grense på maksimalt 10 deltakarar, forutan dei tilsette. Unntak gjeld berre for gravferder der talet no er 50 personar.

 

Gode grunner til å utsette

Det er nok mykje færre enn dei fleste ser for seg i ein dåp, som gjerne er ein familiefest. I tillegg kjem det at vi i våre dagar ofte bur ulike stader i landet, og det å samlast frå aust og vest og nord og syd er ikkje nokon god ide når vi elles gjer alt vi kan for å stoppe smitta i å breie seg. Det kan difor vere gode grunner til å utsette ein dåp til det vert letta på tiltaka. Men det skal også vere klårt at vi framleis kan ta imot til dåp med dei retningslinjene som gjeld no.

 

Eigne dåpsgudstenester.

Ein dåp har tradisjonelt vore i ei vanleg gudsteneste. Under koronapandemien har dette endra seg. Dei som har hatt dåp det siste året har hatt det i ei eiga gudsteneste. For mange har dette vore ei positiv oppleving. Da har dåpen ikkje berre vore eit lite innsmett i ei vanleg gudsteneste, men heile samlinga er da retta mot dåpen. Signalet frå kyrkja si leiing er at dette har vore så positivt at dei vurderer det såleis, at dette er noko som er komen for å bli. Da vert den vanlege dåpssamtalen også lagt til denne dåpsgudstenesta. For framtida vil kyrkja dermed kunne tilby begge ordningane: Dåp i ei vanleg gudsteneste eller i ei eiga gudsteneste. Dåp i ei eiga dåpsgudsteneste tek om lag ein halv time.

 

Påmelding til dåp.

Dei som ønskjer dåp må ta kontakt med sokneprest Kjell Steinbru for å avtale tid og stad. Påmeldinga skjer via heimesida til kyrkjelyden.

Tilbake