Alle rettigheter 2019 Åseral kirkelige fellesråd

Konfirmasjon 2020


 

Det blir ein del endringar i samband med konfirmasjonsopplegget, no som Åseral er knyta opp til Otredalen prosti (Setesdalen), og det i tillegg har kome ny sokneprest. Vi kjem til å innleie eit samarbeid med Evje og Hornnes kyrkjelyd. Ein god del av sjølve undervisninga blir saman med dei.

Det vert også to andre arrangement saman med Evje og Hornnes. Det er først ein Kick-off med rafting i Syrtveitfossen (arrangert av Troll Aktiv) siste laurdagen i august, og vidare padling i kano nedover til Evjetun. Deretter blir det ei matøkt ved Evje prestegard, og til slutt ei samling i Evje kyrkje.

Det blir også ein leir i samarbeid med Evje og Hornnes og der kjem også konfirmantane frå Bygland til å vere med. Leiren kjem den siste helga i oktober og er på Knaben leirstad.

1. søndag i advent vert det ljosmesse med konfirmantane i Åknes kapell.

Etter påske kjem samtalegudstenesta. Den skal vi i år gjere ein vri på. No er det ikkje lengre presten som skal plage konfirmantane med allverdens spørsmål frå Katekisma, slik det var i gamal tid. No skal konfirmantane få lov til å «grille» presten med å stille han til veggs med vanskelege spørsmål. Så blir det presten som blir overhøyrt, og ikkje konfirmantane.

Konfirmasjonsdagen vert den 10. mai.

Påmelding til konfirmasjon skjer via ein «påmeldingsmodul» som snart kjem på denne heimesida, eller ved å kontakte soknepresten, Kjell Steinbru, på tlf 473 28 472. 

Tilbake